Likestillings- og diskrimineringsombudet (LDO) offentleggjorde tysdag likestillingsrekneskapen for 2009, SaLDO. Her kjem det mellom anna fram at 55 prosent av funksjonshemma står utanfor arbeidslivet, og at over 90.000 funksjonshemma seier dei gjerne vil ha jobb.Det er interessante og høgst urovekkjande tal. Men eigentleg er det endå meir urovekkjande at det no har vore slik i årevis. For det er slett ikkje gjennom SALDO me fyrst har fått høyre at funksjonshemma slit i arbeidslivet: Statistisk Sentralbyrå gjennomførte si fyrste tilleggsundersøking om funksjonshemma i arbeidslivet allereie i 2000, og har stort sett gjennomført nye slike tilleggsundersøkingar kvart år etter det. Bilete som har kome fram i desse er nøyaktig det same som det LDO no også melder om: Godt over halvparten av funksjonshemma står utanfor arbeidslivet, samstundes som mange av dei ynskjer seg jobb.
Det verkeleg interessante no er difor kva som kan gjerast for å betre situasjonen – ein situasjon me altså har vore klar over i (minst) eit tiår. Eg trur mykje kan gjerast i samband med den nye IA-avtalen, som skal på plass til våren. Auka yrkesdeltaking frå funksjonshemma var allereie frå starten i 2001 med som målsetnad i IA-avtalen. Men fint lite er gjort så langt. Å få til ein ny IA-avtale der fokus verkeleg er på å få fleire funksjonshemma i arbeid, ville difor no vere ein god (om)start.
Statsministeren
Venstre vil nytte
Oslo er ein 