Då Per Kristian Foss var finansminister og Høgre styrte landet fant den dåverande regjeringa ut at minstefrådraget skulle vere høgare for lønsinntekter enn for pensjonsinntekter. Grunngjevinga var at det må løne seg å arbeide. Konsekvensen var derimot - sjølvsagt - at ein del alders- og uførepensjonistar fekk lågare inntekt etter skatt.No har Finansdepartementet teke eit høgst prisverdig fyrste steg på vegen mot å få fjerna denne urettvisa: I eit nyleg utsendt høyringsframlegg går departementet inn for at prosentsatsen for minstefrådraga igjen bør verte lik, same om ein har pensjons- eller lønsinntekt. Rett nok ynskjer departementet framleis at sjølve kronebeløpet som kan trekkjast frå før skatt skal vere høgare for lønsinntekter, noko eg er usamd i. Men litt av urettvisa vert like fullt fjerna dersom prosentsatsen vert den same, slik departementet altså ynskjer.
Eg er samd i at det skal løne seg å arbeide. Men når dette argumentet vert nytta for å svekkje ordningar som dei som allereie tener dårleg nyt godt av, trur eg ein må ha misforstått: Folk vert ikkje meir arbeidsviljuge av å få endå dårlegare råd enn dei allereie har. Derimot får dei – innlysande nok – endå dårlegare levekår. Det er dårleg skattepolitikk. Det er dårleg fattigdomspolitikk. Og det er dårleg utjamningspolitikk. Finansdepartementet fortener difor ros for å no ha starta arbeidet med å endre regelverket på dette feltet.

5 kommentarar:
Det skal lønne seg å arbeide, men det skal ikke være forskjell på å jobbe og motta trygd for det skaper forskjeller....
H-U-B , helgardering heter det.
Hvis du tror det ikke er forskjell på å jobbe og å motta trygd må du nok sette deg bedre inn i samfunnsforholdene.
Det er ikke det jeg skriver, Stian.
Det jeg sier er at når det skal lønne seg å jobbe så må det bli forskjeller mellom det å jobb og ikke være i jobb.
Det er jo hele poenget.
Men det ER forskjell på å være i jobb og ikke være i jobb; også om minstefradraget igjen blir det samme for arbeidstakere og pensjonister.
Hele folket på trygd! Det er Oens mantra. Men hvem skal etterhvert betale for alle snylterne?
Legg inn en kommentar