29 april 2010

Kvar er du no, Trine Skei Grande?

For nokre månadar attende tok Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO) til orde for eit eige NAV-ombud, for å tryggje NAV-brukarane sin rettstryggleik. Venstre-leiar Trine Skei Grande støtta ikkje framlegget: ”Jeg er av den oppfatning at det er jeg som er ombud”, uttalte ho i ei stortingshøyring kor framlegget vart drøfta.

Ja vel. Og kvar er så Skei Grande i dag? Dagbladet melder om at ein NAV-brukar, Nina Th. Thorsen, nyleg måtte ta til saman nesten 40 telefonar for å få avklart at ho faktisk hadde rett – og NAV hadde feil – i ei sak som omhandlar kor mykje pengar tusenvis NAV-brukarar har rett på. Hadde Skei Grande verkeleg vore ombudet ho sjølv meiner ho er, ville vel neppe saka ha måtte gått så mange rundar og teke så lang tid før ho var løyst?

Venstre-leiaren skal sjølvsagt få sjå på seg sjølv som ombud så mykje ho vil for meg. Men at ho ikkje strekk til i rolla er, for å seie det forsiktig, nokså opplagt. Det trengs nok fleire enn Skei Grande for å ta tak i utfordringane brukarane støyter på i møtet med NAV.

Difor håpar eg også Venstre no kan stikke fingeren i jorda, og innsjå at eit eige NAV-ombud er naudsynt. Om ikkje håpar eg Venstre-leiaren frametter vil leve meir opp til programerklæringa ho kom med i stortingshøyringa for nokre månadar attende enn ho har gjort til no…

2 kommentarar:

Anonym sa...

Syns d er greitt at Skei Grande gjemmer seg mest mulig, jeg

Anonym sa...

Tror hun har problemer med å gjemme seg bak så mye... må i så fall være en elefant hun forsøker å gjemme seg bak. Men tror fortsatt noe flesk vil tyte ut på forskjellige sidene.

Når du ikke klarer å kontrollere hva du putter i kjeften din, så stoler jeg ikke på at du klarer å kontrollere et helt land. Klarer du ikke å holde deg selv i nogenlunde form, så kan man jo bare vente på forfallet som vil slå inn om Venstre får "makt" igjen...