10 april 2010

Kvalitetstid - Ikkje for politikarar?

Den danske utanriksministeren får no knallhard kritikk frå fleire hald, av di ho reiste på ferie med familien i staden for å ta del på eit viktig møte med mellom anna USA-utanriksminister Hillary Clinton. Vår eigen utanriksminister har – indirekte, rett nok – slutta seg til kritikken, ved å seie noko liknande ikkje ville vore aktuelt for han.

Eg synes eigentleg det er litt trist. Dei aller, aller fleste av oss ville forhåpentlegvis prioritert ein god påskeferie saman med familie og vener i staden for å møte eit koppel utanriksministarar. Det er sjølvsagt ei viktig oppgåve for ein kvar statsråd å fremje regjeringa sin politikk andsynes andre samfunnsaktørar, nasjonalt så vel som internasjonalt. Men å krevje at ein på eit kvart tidspunkt skal prioritere vekk familie og venar for å gjere jobben sin, svekkjar i mine auge den menneskelege dimensjonen ved politikken.

Eg har mange, mange hundre timar bak meg som deltakar på ulike politiske møte. Og eg skal villig vedgå: Mange gongar har eg hatt mykje meir lyst til å i staden sjå ein film, grille i parken, gå på date, ta ei øl med gode venar, eller rett og slett sløve i sofaen. Er eg dermed ein dårlegare tillits- og folkevald enn dei som elskar kvart sekund dei får lov til å diskutere saks- og møtepapir? Eg håpar verkeleg ikkje det.

2 kommentarar:

Kim-André sa...

Amen! :)

vernepleieren sa...

Noen som husker Odd Eriksen.Det du skriver minner meg om noe jeg skrev på en gammel blogg jeg hadde da han gikk av:

"Så har den første statsråden gått av. Odd Eriksen har vært mye kritisert i media og det er "ingen" som tror han når han sier at han går av på grunn av at han savner familien. Politiske kommentatorer hevder at dette kun er en unskyldning, og at noen kanskje har hvisket han i øret at det er på tide å trekke seg. Hadde det vært slik hvis han ikke hadde vært mann? Neppe. Hadde det vært en kvinne hadde hun nok fått forståelse for at det hadde vært tungt å være så mye borte fra familien. Når skal det bli akseptabelt og troverdig at en mann setter familien foran egen karriere. Odd Eriksen fortjener ros for det valget han har tatt."