28 april 2010

Er suksessformelen funnen?

Knut Kjelstadli peikar i ein særs god kronikk i Klassekampen i går på ein del forhold i SV han ikkje er nøgd med. Knut skriv mellom anna at det er ei haldning i partiet som går ut på at ”dersom ingen kritiske røster finnes, vil alt gå så meget bedre”. I mine auge peikar Knut her på den kan hende aller mest alvorlege feilen som er vorte gjort av SV i samband med regjeringsdeltakinga: Det vert utelukkande sett på som positivt at partiet fullt og heilt står bak og sluttar opp om kompromissa og avgjerdene som fyljer av regjeringssamarbeidet.

Det heilt grunnleggjande problemet med ei slik tilnærming er at SV truleg har eit særs stort veljarpotensiale mellom folk på venstresida som slett ikkje er jublande glade for ei kvar regjeringsavgjerd. Å forklare desse at dei eigentleg bør vere nøgde er ikkje opplagt ein suksessformel.

Derimot trur eg mange av desse veljarane ville ha vorte verande i SV om dei opplevde at det også fantes folk i partiapparatet som ope og frimodig ytra kritiske synspunkt i samband med kompromiss SV må vere med på som regjeringsparti. Slik ville det vorte synleggjort at ein høyrer heime i partiet også om – eller trass i at - ein ikkje alltid er i jubelmodus. Dét er det nok diverre mange som tvilar på slik det er i dag.

0 kommentarar: