I går representerte eg Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO) i ei stortingshøyring om levealdersjustering av alderspensjonane for uføre. Regjeringa ynskjer at levealdersjustering – at pensjonsutbetalingane vert lågare for den einskilde dersom alderskullet han eller ho tilhøyrer viser seg å leve lenger enn ein fyrst trudde – også skal gjelde for personar som vert alderspensjonistar etter fyrst å ha vore uførepensjonistar.Det er eit særs dårleg framlegg. For folk i arbeid som har helsa i orden vil det i prinsippet vere mogeleg å jobbe litt lenger for å ”kompensere” for den summen alderspensjonen eventuelt vert redusert med som fylje av levealdersjustering. Eit slikt høve vil sjølvsagt ikkje uførepensjonistar ha. I tillegg kjem det at ein uførepensjonist gjerne vil få ein lågare alderspensjon enn kva ein som går direkte frå arbeid til alderspensjon vil få. Det har å gjere med at mange gjerne tener meir mot slutten av arbeidskarrieren enn i dei fyrste åra.
Regjeringa sitt framlegg vil såleis råke hardast dei som allereie kjem dårleg ut levekårsmessig. Skilnadane mellom folk vil auke. Og det vil vere dei som har dårleg helse og sterkt avgrensa høve til å ta del i arbeidslivet som vil få svi aller mest.
Regjeringa har lova å kjempe mot fattigdomen. Å innføre levealdersjustering også for uføre er i røynda å skape meir fattigdom. Det bør Stortinget difor no seie nei til å gjere.

0 kommentarar:
Legg inn en kommentar