27 mars 2010

Momentum?

For nokre år attende las eg Hillary Clinton sin sjølvbiografi. Det var når sant skal seiast ei krevande øving, og tankane gjekk meir enn ein gong attende til Gro Harlem Brundtland sin tobindsvariant i sjangeren. Men éin ting står tydeleg att frå Clinton sin biografi: Ordet ”momentum”, som må vere nemnt eit par hundre gongar i boka.

Clinton er nemlig særs, særs oppteken av å heile tida ha eit fast grep om samfunnsagendaen, eller om dagsorden for kva som skjer i samfunnet. Å ha eit slikt grep – eller å ha momentum – er avgjerande viktig for å i sin tur få gjennomslag, og å ha styringa med utviklinga i samfunnet, meiner Clinton. Og det er det enkelte å vere samd med ho i.

I så måte fekk eg beint fram ei litt merkeleg kjensle då eg som vanleg tok ein sving innom SV si heimeside i går. Der var (og er framleis) hovudoppslaget at SV stør at kyrkja sjølv må få avgjere kor preses skal ha hovudsete. I og for seg eit greitt synspunkt. Men når det er dette partiet kommuniserer ut same dag som Regjeringa går inn for å ta i bruk dei mobile gasskraftverka, vert det i mine auge altså litt merkeleg.

Eit døme på å ha momentum er det i alle høve ikkje. Snarare eit døme på manglande sprut…

0 kommentarar: