Dagbladet spekulerar i dag på om det er duka for leiarskifte i SV neste år. Avisa gjer også greie for at det i så fall er Heikki Holmås, Audun Lysbakken, Bård Vegar Solhjell og Inga Marte Thorkildsen som er aktuelle arvtakarar etter Kristin Halvorsen. Dei er alle godt skodde. Men dei bør også alle i mine auge vente endå nokre år før dei eventuelt skal leie SV.Eg meiner difor det bør sjåast etter andre kandidatar, som kan ta over leiinga av SV på ein offensiv måte, utan at partiet samstundes må gjennom både eit for tidleg gjennomført generasjonsskifte og ein opprivande leiarstrid.
I mine auge peikar éin person seg klårt ut: Mangeårig stortingsrepresentant Karin Andersen frå Hedmark.
Andersen har eit sterkt og ekte engasjement for dei svakaste i samfunnet, og vert difor også lytta til av folk som elles ikkje har mykje til overs for politikarar. Men heller ikkje folk øvst ved bordet brukar vere i tvil om at ho meiner det ho seier, og vil stå knallhardt på for å få det gjennomført. I tillegg har ho mediatekke, og er så vidt eg kan forstå godt likt i heile partiet. Eg veit det ikkje, men vil tru ho ikkje sjølv har tenkt på å verte leiar i SV. Den tanken bør i mine auge både ho og andre partikameratar byrje tenkje.

2 kommentarar:
Interessant tanke, Stian... En opprivende lederstrid er noe av det siste vi trenger. Men greier vi å ha en konstruktiv debatt på dette i partiet, tro..?
Ja, si det. Jeg føler meg vel langt fra trygg. Men jeg tror i alle fall vi må strebe etter det, skal vi makte å øke oppslutningen fremover.
Legg inn en kommentar