Livet dei siste dagane har mildt sagt likna ei berg-og-dalbane: Eg drog på studietur med jobben min til Brüssel grytidleg tysdag morgon, superdeppa over SV sitt valresultat og 100 prosent overbevist om at også kampen vår for å få til raudt fleirtal i bydel St. Hanshaugen der eg stilte til val hadde mislukkas. Så – medan eg var oppteken med foredrag og møter i EU-hovudstaden – byrja meldingane og telefonane å kome om at det slett ikkje var så sikkert at bydel St. Hanshaugen ville få blått fleirtal dei neste fire åra likevel.Og no - etter MYKJE fram og attende - er resultatet endeleg klart: Bydel St. Hanshaugen har raudt fleirtal!!! Og – og det er nesten endå betre i ein elles trist SV-kvardag - det er SV sitt sistemandat som sikrar venstresida fleirtal!
Ein aktiv, målretta og offensiv SV-valkamp har altså gjeve resultat. Nett no er eg så glad at eg nesten berre vil grine, og eg gler meg vilt og hemningslaust til å starte arbeidet saman med Nora Fjelddalen og Morten Drægni – dei to andre SV-representantane i bydelsutvalet - med å setje ut i livet all den framtidsretta og miljøoffensive SV-politikken som me har ført – og vunne – valkampen på.
Og til alle SV-veljarane i bydelen min: Takk, takk, takk og takk! De vil ikkje verte skuffa over at de gav oss røystene dykkar!

3 kommentarar:
Gratulerer, Oen! Dette må jo være kjempemorsomt etter alt slitet.
Men så... 97 dager, and counting... :)
Lykke til!
Gratulerer Stian! Det har ikke vært for mange gode nyheter denne uken, så dette gjorde dagen min mye bedre. Godt jobbet!
Vel fortjent, Stian! Nå skal det bli gøy å sette igang.
Legg inn en kommentar