05 august 2007

Frk. redaktør!

Eg er sjølvsagt på det reine med at det no er årevis sia tidsskriftet fekk nye eigarar, og at tida då det fyrst og fremst var Partiet det handla om i spaltene for lengst er forbi. Likevel må eg vedgå at det var ei heller besk oppleving å i siste nummer få presentert tre sleskt smilande reaksjonær-ungdomar i lyseblå (sic!) t-skjorter på forsida, presentert som ”Framtidas ledere”.

Eg brukar få tidsskriftet levert på døra mi kvar fredag morgon. Rett nok har eg ikkje tid til å lese det før eg kjem heim att om ettermiddagen, men eg kastar alltid eit blikk på forsida når eg hentar det inn. Som du forstår vart det difor ein heller ugrei inngang på helga for min del.

Eg stiller ikkje så høge krav til nivået på publikasjonar eg les. Eg tenkjer som regel at nokon har trass alt forfatta dette, og at det nok uansett tok lenger tid å skrive teksten enn det tek for meg å lese han. Av forsider er eg i tillegg vant med så ymse frå alle mogelege andre slags publikasjonar. Men denne likte eg dårlegast av alle. For å ikkje utsetje meg sjølv for tilsvarande eksponering i framtida, oppmodar eg difor med dette om at namnet mitt vert stroke or lista dykkar over abonnentar.

Skrive, men førebels ikkje sendt. Hmmm…

5 kommentarar:

Morten Drægni sa...

Signed...

Theo sa...

Jepp, overflate er tross alt viktigere enn innhold, hvordan ting fremtrer viktigere en substans.
Ingen tvil om at du er en sosialist.

Morten Drægni sa...

Og ingen tvil om at du er en anonym skittkaster på Internett!

KB Vinje sa...

Les hele artikkelen!
Artikkelen er fra sommerleirene til SU, AUF og FrPU - og det er samlet sett at disse 'broilerne' blir omtalt som framtidas ledere.
At bilde er FrPU'ere er en god oppmerksomhetsjager.

Stian Oen sa...

kb vinje: 90 prosent av artikkelen er etter hva jeg kan se om FpUs valgkampskolering.

Men det til side: Også min bloggkommentar var sant å si ment som en "oppmerksomhetsjager"...